Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kva er sivilisasjon?

SIVILIASJONSKRITIKK: Representerer desse to den høgste form for menneskeleg sivilisasjon?FOTO: TERJE VISNES Terje Visnes

Utfordrande og delvis utmattande, men ei framsyning som verkeleg gjer noko med deg.

Trøndelag Teater, Gamle scene Av Wolfram Lotz Omsett og regissert av Jonas Corell Petersen Scenografi og kostyme: Nia Damerell

Musikk: Lasse Marhaug

Lyddesign: Jan Magne Høynes Lysdesign: Øyvind Wangensteen Med: Ida Cecilie Klem, Håkon Ramstad, Kenneth Homstad, Ragne Grande, Janne Kokkin og Hans Petter Nilsen

For fem år sia skreiv den unge tyske dramatikaren Wolfram Lotz dramaet «Det latterlige mørke» som i forteljinga kviler godt på Joseph Conrads roman «Heart of Darkness» frå 1899 og Francis Ford Coppolas film «Apocalypse Now!» frå 1979, båe sterkt politiske og opptekne av sivilisasjonsprosjektets mange motseiingar. Nå har Trøndelag Teater sett opp stykket i regi av Jonas Corell Petersen, og det er blitt ei framsyning som er både utfordrande og delvis utmattande, men samstundes særs godt teater.