I dag

Ulv og religion

Det har vore mykje ulv her i landet. Allereie i 1733 vart det innført skotpremie på ulven, og i 1860 vart det utbetalt premie for om lag 3000 ulvar det året. Nærgåande ulveflokkar skapte uhygge og angst, og i tankar, kjensleliv og førestillingar blei ulven knytt til djevelen. Ulv og varg er det mest kjende namnet på dyret. Ulv tyder det som riv noko til blods eller rett og slett rovdyr, og varg er ein røvar, tjuv eller fredlaus; ein som tek noko frå buskapen til bonden, ein som konkurrerte med futen eller skatteoppkrevjaren. Han var og kalla gråbein eller skrubb i nokre dialektar, eit dyr som alltid er skrubbsvolten. I dei siste hundreåra er det fleire som har døydd etter åtak frå buskapen enn av ulv, og berre ein liten prosent av dei sauene som døydde på beite var det vargen som tok.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen