Spotify-forlik
NOTERT:

Strøymetenesta Spotify har fått til eit forlik i saka der dei har vorte saksøkte for nær tolv milliardar kroner i vederlag til låtskrivarar- og utgjevarar for bruk av meir enn 10.000 songar. Det var Wixen Music Publishing, som blant anna representerer Neil Young, som drog Spotify for retten. Kva forliket enda på er ikkje kjent. Spotify har avvist å skriva avtalar med plateselskap, men Wixen har skulda Spotify for ikkje å imøtekoma krav frå låtskrivarar og utgjevarar, som har separate rettar til komposisjonane. Guri Kulås
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn