Akkurat nå

Eg klarar ikkje fri meg frå tanken på at vaksenlivet er å putta livet sitt i veldig små boksar som eigentleg ikkje passar oss menneska.
Eg ser det kanskje aller mest på venene mine som har barn. Dei er så slitne, men dei må jobba så mykje for å tena nok til å betala på huslånet fordi me av ein eller annan grunn har funne ut at sosialdemokratiet stoppar ved dørstokken vår. Altså, me lever jo faktisk i eit land der flysete, plastposar og designen på snusboksar er underlagt ulike formar for statleg regulering, men når det gjeld heimen vår, så er det heilt fritt fram for mafiabossar, utsugarar, Ivar Tollefsen og satans oldemor.
Det var ein liten digresjon. Men i dette hamsterhjulet blir ein sliten, kanskje spesielt om ein har barn. Sliten av transportering til og frå dei ulike institusjonane som formar liva til barnefamilien: Jobben, Barnehagen, Skulen og Fritidsaktivitet.
Mor som sit i bilen og ventar på at Aktivitet skal bli ferdig, så dei kan køyra heim i bilen fordi det er farleg for barn å sykla til og frå Aktivitet fordi det er så mange bilar ute på vegane og barna kan bli påkøyrd.
Så blir mor meir sliten og reduserer stillingsprosent. Far kan halda fram med overtid. Så kan andre hovera over dei ulikestilte som tek konsekvensen av eit arbeidsliv som ikkje er tilpassa at me også skal ha eit vanleg liv og kanskje også setja nye liv til verda.
No vart alt veldig dystopisk her, høyrer eg. Det må gå an å drøyma om ei anna verd, som ein nesten-revolusjonær poet ein gong sa.
Eg kan prøva meg på ei skisse av korleis det kan sjå ut: Heimar som ikkje er spekulasjonsobjekt. Klyngetun. Fellesmiddagar. Dei som har tid og overskot, hjelper dei som ikkje har.
The artful dodger