Sonja Nyegaard
Mørket er et mirakel
Litteratur
Kolon forlag 2018, 56 sider
Å begynne på ei ny diktsamling kan kjennest som å støyte mot ein mur; formuleringar så framandarta og fortetta at ein må famle rundt på utsida ei god stund før ein finn ei opning. Eg veit ikkje kor mange gongar eg har tenkt at denne gongen går det ikkje, dette klårar eg ikkje å seie noko om, og i alle fall ikkje å vurdere! Men så les eg ein gong til, legg merke til ord som går igjen, så finn eg éi formulering som er veldig fin. Gradvis opnar fleire tekstar seg, og motiva og samanhengane mellom dikta tek til å lyse opp som punkt og linjer i moglege mønster.