Det er eit helvete å vere mann om dagen. Etter mykje tvilsam miljølobbyverksemd på Stortinget, har det openbert blitt bestemt at prisen på pant skal opp. Menn pantar ikkje. Før kunne eg berre rusle forsiktig inn på nærbutikken, stire forsiktig ned i golvet medan eg gjekk mot kjølehimmelen og raske med meg ein sekspakning med pils utan å setje himmel og jord i rørsle. Slik er det ikkje lenger. Her om dagen skulle han store mannen i kassa ha 156 kroner for seks pils. I alle år har eg klart meg med ein hundrelapp og ein femtilapp under laurdagshandelen. Eg går da for helvete ikkje rundt med småpengar. Det heile enda med at eg bruka mangfaldige minutt i kassa på å knote og stresse med å få den eine halvliteren ut av det heilt latterleg stramme plastomslaget. Og som ikkje det var nok, så lukta eg kokos, papaya og noko anna tropisk drit. I ei tid med evinneleg mas om likestilling, skulle ein tru at det var kjønnsnøytrale sjampoar. Tru om igjen. Eg hadde ved ein feil raska med meg noko tåpeleg hårpleie for kvinnfolk. Og forresten: I alle år har eg trudd at han store mannen i kassa har vorte kalla «han store» fordi han er så frykteleg feit og at folk har vore livredde for å seie det rett ut. Det viser seg at han heiter Hans Tore. Men nok om det. No er det berre ni fyllesjuke søndagar igjen til jul, og dette ufatteleg dumme pantevedtaket gjer at eg må krype til korset. Dei mange tomme colaflaskene som ligg i kjellaren har visstnok ikkje stige i verdi, så eg vil berre få den gamle panteprisen 2,50 i staden for 3. No skal eg heim, hente flaskene og på trass pante éi og éi flaske, levere inn éin og éin lapp, slik at eg får tre kroner flaska. Småmyntar i lommene får eg berre overleve. Da får eg i alle fall råd til heile sekspakninga neste gong.
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
En flik av levd liv
I dagVibeke Thorp, skribent, Tromsø
En høstdag var jeg innom et av hovedstadens mange bruktmarkeder. En selger hadde tydeligvis gjort oppkjøp av dødsbo fra Sverige; magasiner og ‘tidninger ‘ antydet det. Så er det at jeg har kommet hjem med en liten rødfalmet bok, på størrelse med et pass. «Almanack för skottåret efter frälsarens Kristi Födelse 1924».