Tilbake til opphavet
Andeleg: Gunnar Wærness utforskar det som ligg utanfor alt.

Gunnar Wærness
Venn med alle
Litteratur
Forlaget Oktober 2018, 109 sider
Gunnar Wærness sin forfattarskap følger fleire spor. I den nye diktsamlinga si, «Venn med alle», vender han tilbake til det gammaltestamentlege. Men det er bare i nokre få dikt heilt i opninga at bibelreferansane kjem tett. For det Wærness er ute etter, er ikkje å fortella Bibelen på ny med andre ord. Det er i staden, heilt tydeleg, ei meir allmenn interesse for den visjonært sjåande som ligg bak denne utgjevinga. Såleis skapar forfattaren bilete som illustrerer det som ligg utanfor alt, eksistensens grenser, men på ein måte sjølv hjartegode heidningar som underteikna kan følga med på.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn