Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Akkurat nå

God dag. Det er ei stund sidan sist, i alle fall eit par dagar. Diktarlivet tek på både psykisk og fysisk, og det er særleg den siste biten som har vorte mest gjeldande den siste tida. Det har seg nemleg slik at eg her om dagen gjorde eit brutalt funn etter at eg hadde dusja og tørka meg. Håret på toppen av hovudet har sett sine beste dagar, og månen er i ferd med å bli større enn snusdåsa i lomma mi. Kva skal eg gjere? Eg kunne ha skrive eit dikt om det, men det gjer eg som oftast når eg har fått ein psykisk knekk. Eg gjekk difor ned til apoteket og kjøpte meg ein hårkur som ifølgje reklama skulle få ting på stell igjen. Håret skulle gro som ei blomstereng, vart det sagt. No ein del veker seinare er i alle fall ikkje månen noko særleg større, men når eit problem forsvinn, er det typisk at eit problem oppstår. Sist helg høyrte eg på felespel på den lokale puben, og som vanleg fekk eg med meg ei dame heim. Det som ikkje var like vanleg, var at eg midt i økta låg der like forvirra som ein fjert i ein kurvstol. Eg fekk han ikkje opp! Trur du ikkje det viste seg at hårkuren min hadde ein åtvaring på pakka om at den kunne føre til potensproblem? Det var difor naudsynt å gå til innkjøp av nokre potenspiller. Etter nokre veker – og svært tilfredsstillande helger på den lokale puben – oppdaga eg igjen at månen var i ferd med å bli større. Gjett kva det sto på pakka, da? «Kan medføre hårtap.» Så no står eg her – bokstavleg talt – med ein hårkur som fører til potensproblem og ei potenspille som fører til hårtap. Eg må rett og slett velje mellom håret eller ein livleg Vesle-Kvarg.