Venskap er som å tisse i buksa. Alle kan sjå det, men berre du kan kjenne varma. For noko svada. Vener er oppskrytt. I den eine augeblinken klappar dei deg på skuldra. Få sekund seinare skyt dei deg i kneet. Som produktiv kunstnar er eg nøydd til å fokusere på meg sjølv og få ut tankane i mitt eige hovud ned på papir. Dei eg pratar med meiner ofte eg er ein psykopatisk einstøing. Du som er så fæl til å kritisere andre, burde gått ei mil i nokon andre sine sko, var det ein som sa ein gong. Ja vel, sa eg. Da er eg i alle fall éi mil unna når eg skal kritisere han og har i tillegg vedkommande sine sko. Eg hadde ein gong ei kone og nokre born, men den historia vil du ikkje høyre no. Eg kunne ikkje vore meir tilfreds. Toppen av lukke er å ha ein tett og god familie – i ein annan by.