Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Utsetjer utbygging på Austlandet

TOG: Jernbanedirektoratet utsetjer intercity-utbygginga på Austlandet. Utbygging til Hamar, Tønsberg og Fredrikstad blir ikkje ferdig til 2024. Planen har vore ute til høyring, og avgjerda kjem trass protestar frå distrikta. Ifølgje VG har direktoratet ikkje gjort vesentlege endringar i framdriftsplanen. – Vi har ikkje sett noka moglegheit til å framskunde intercity frå det som låg i høyringsutkastet, seier Svein Horrisland, kommunikasjonssjef i Jernbanedirektoratet. I fjor vedtok Stortinget at det skal byggjast dobbeltspor mellom dei sentrale byane på Austlandet innan 2024. Bane Nor meiner dette er urealistisk, og direktoratet har ikkje overprøvd vurderinga.©NPK