NAV: Ved årsskiftet fekk 325.900 personar uføretrygd her i landet. Det er ein auke på 7600 personar eller 2,4 prosent frå året før. Og auken vil fortsette. Delen uføretrygda i befolkninga mellom 18 og 67 år var ved utgangen av fjoråret 9,6 prosent, som er ein auke på 0,1 prosentpoeng sidan 2016. Innvandrardelen i gruppa som får uføretrygd er 9,8 prosent, mens 58 prosent av mottakarane er kvinner. – På grunn av demografiske endringar og innskjerping av regelverket for arbeidsavklaringspengar ventar vi at auken vil fortsette, seier Nav-direktør Sigrun Vågeng. Nav-prognosen tilseier 337.200 uføretrygda ved utgangen av 2019, drygt 11.000 fleire enn i dag.©NPK
Du kan bla til neste sideBla med piltastene