Vi er motens marionettar
Oppsetjinga av Elfriede Jelineks stykke tek tid å fordøye, men sit i deg lenge etter teppefall.
Trøndelag Teater, Studioscena
Av: Elfriede Jelinek
Omsett av: Elisabeth Beanca Halvorsen
Regi og scenografi: Ole Johan Skjelbred
Kostyme: Ane Aasheim
Med: Stine Fevik, Janne Kokkin, Vetle Bergan, Kenneth Homstad og Isak Holmen Sørensen
Utan noka handling eller forteljing, og mot eit bakteppe av lateks, tar regissør Ole Johan Skjelbred oss inn i Elfriede Jelineks humoristiske, men samstundes bitande og grundige oppgjer med forbruk, motehysteri og menneskeleg mangel på å tore å vere seg sjølv. Det er ei ordrik og delvis utmattande framsyning der metaforane, aforismane og dei språklege gullkorna blir kasta på deg i eit omfang som gjer det vanskeleg å få med seg alt. «Lyset skal bare skinne på meg og mine ønsker» er ei krevjande oppsetjing som tar tid å fordøye, men som likevel er lett å la seg begeistre av.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent