Akkurat nå

Tom, mamma, tom.
Eg hugsar ikkje det fyrste ordet, eller det andre eller tredje, lengre. Kanskje var det mamma, kanskje pappa. Eller hei. Eller nei. I dag seier du eledonen, når du meiner telefonen.
Dag for dag har du fått fleire ord å bruka. Du lagar setningar. Små setningar til språk.
Du seier okey, mamma, og bye bye.
Og når du er svolten roper du «mat».
Du kan tala opp til ti, og svarar to år på spørsmål om kor gammal du er. Og du kan rista på hovudet og vinka med handa.
Kor mange ord treng me? Tja. Ifølge Språkrådet brukte Henrik Wergeland rundt 58.000 ulike ord. Knut Hamsun brukte 33.000–34.000, mens William Shakespeare brukte 29.000 ord, viser oppteljingar.
Dei største engelske ordbøkene har heile 500.000 ord, altså ein halv million ord, mens dei største norske ordbøkene har over 300.000 ord.
Men til dagleg, i det som blir kalla det aktive ordforrådet, har me rundt 5000–6000 ord. Mens det passive språket, dei ord me skjønnar, men ikkje brukar, er langt større.
Enkelte dagar brukar me ikkje ord, er stille, seier knapt hei.
Orda som er norske, kjem frå heile verda.
Kaffi kjem via Frankrike gjennom fransk kafé og tysk Kaffee, men er opphavleg av tyrkisk qahvé frå arabisk qahwa.
Mens vin kjem frå det norrøne vín, som stammar frå latinske vinum, men er opphavleg truleg frå eit ukjent middelhavsspråk.
Nokre brukar mange ord, men seier lite. Andre brukar få ord, på å seia mykje.
Og du seier tom, når du meiner kom.
Holly