Ei vakker og poetisk framsyning der tekst og spel får stå i sentrum.
Teatret Vårt, Plassen, Molde
Av: Ingmar Bergman
Omsett av: Axel Amlie
Regi: Terje Skonseng Naudeer
Scenografi og kostyme: Thomas Bjørnager
Lysdesign: Finn Landsperg
Med: Vivi Sunde, Johanna Mørck, Bjørnar Lisether Teigen og Michelle Heedal
Det er hundre år sia Ingmar Bergman, ein av dei største film- og teaterregissørane i førre hundreåret, blei fødd. Teatret Vårt i Molde markerer jubileet ved å setje opp sceneversjonen av «Høstsonaten», filmen Bergman laga for 40 år sia med Ingrid Bergman og Liv Ullmann i hovudrollene. Eit lite kuriosum er det at filmen faktisk blei spela inn i Midsund og Gjemnes rett utanfor Molde. Filmen er blitt ikonisk, og det var ikkje før i 2002 at den første sceneversjonen hadde premiere.