Du kan bla til neste sideBla med piltastene

– Politiet har avskaffa kyrkjeasyl

ASYL: Biskop Halvor Nordhaug meiner måten politiet forsvarar arrestasjonen av ein afghansk familie i Fitjar på, inneber ei oppheving av kyrkjeasylet. Det vakte sterke reaksjonar då den afghanske familien vart arrestert fredag morgon i forsamlingshuset til den frikyrkjelege forsamlinga Nytt Liv Sunnhordland. Kristel Lee Høgslett i Politiets utlendingseining sa til NRK tysdag at «dersom ein familie bur der meir eller mindre permanent, og har gjort det over såpass lang tid som det er tale om her, så kan vi vanskeleg sjå at bustadhuset primært er brukt til dei føremåla som kyrkjebygg og bedehus normalt blir brukte til».©NPK