Du kan bla til neste sideBla med piltastene

SV kritiserer Frp for å gjere som SV i saka om ansvar for seksuell trakassering:

SV møter seg sjølv i døra

SV SNUR, FRP STÅR: Barne- og likestillingsminister Solveig Horne (Frp) seier nei til framlegget frå SV om å gje likestillings- og diskrimineringsnemnda ansvar for saker som gjeld seksuell trakassering – slik også SV meinte i 2013. Foto: Linda Bournane Engelberth Linda Bournane Engelberth

SVINGDØR: I 2013 sa SV i regjering nei til å gje diskrimineringsnemnda ansvar for saker som gjeld seksuell trakassering. No kritiserer dei regjeringa for å ha same standpunkt.

– Eg er forundra over kritikken frå SV. Dei valde sjølve å ikkje følgje opp Skjeie-utvalet. Det rørande engasjementet dei no viser, hadde dei ikkje då dei sjølve sat i regjering.