Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Medieflokken renn etter det same, og overser nyhenda i tidsskrifta.

Tidsskrift i front

Etter Utøya: Ein harmoniserande retorikk har prega 22.juli-fortellinga. Roald, Berit

Det kan ta år frå nyhende frå tidsskrift landar i nyheitsmedia. Pedagogisk Tidsskrift hadde i nummer 2/2015 ein studie av Marie von der Lippe og Trine Anker med tittel: «Når terror ties i hel». Studien er ei kvalitativ spørjeundersøking av elevar i vidaregåande skular om kva dei lærer om terroren 22. juli. Det er fint lite. Lærebøker publiserte etter terrorangrepa fortel lite om Breiviks handlingar, ideologi, motiv eller bakgrunn, ifølge elevane. Artikkelforfattarane melder at rådande diskurs er den harmoniserande retorikken med rosetog og kollektiv sorg. Studiens konklusjon er klar: togn om terroren.

Forfattar og litteraturkritikar Karin Moe kommenterer aktuelle saker frå sidelinja kvar måndag.