Når teaterlegenden Robert Wilson gjer «Edda» på Det Norske Teatret, kan me vente oss guddommeleg teater basert på menneskeleg brist.
Det Norske Teatret står i heilspenn om dagen. Det avantgardistiske teateret sin stjerneregissør Robert Wilson er på huset til daglege prøver til framsyninga «Edda», og ingenting er som vanleg. Bortimot heile staben er dobla opp av amerikanske Wilsons entourage av eigne teknikarar, scenearbeidarar, maske- og kostymedesignerar og komponistar.