I eit landskap
Dikt: Eirin Gundersen skriv seg bakover i familiehistoria, og utvider spørsmålet om kva som gjer mennesket til det det er.

Eirin Gundersen
Alt som ikke har blitt tjoret fast
Dikt
Gyldendal 2017, 74 siders
Kva gjer du når du har debutert med den diktsamlinga alle ser ut til å skriva for tida? Eirin Gundersen debuterte i 2015, med ei samling om den avdøde faren sin. Med den tematikken plasserte ho seg midt i den mest påfallande tendensen i norsk lyrikk dei siste åra, nemleg å skriva dikt med utgangspunkt i ei rolle som pårørande eller sørgande. Ei slik trendfølsomheit er det ingenting gale med. Sterke periodar i litteraturen heng nøye saman med at fleire forfattarar søker seg mot å meisla ut sin variant av noko som ligg i tida. Men det ligg sjølvsagt ei stor utfordring i å følga opp ein slik debut, å skriva noko som både ligg i forlenginga av det mest opplagt tidstypiske og peikar ut ei eiga retning for forfattarskapen.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent