Du kan bla til neste sideBla med piltastene

• Frp: Vil ikkje vedde på at dei sit i regjering i 2017 • Venstre

Kriseprat på bakrommet

YOU WANT IT DARKER: Det er november-stemning i forhandlingane om nytt statsbudsjett. Frå venstre Hans Andreas Limi (Frp), Hans Olav Syversen (KrF), Svein Flåtten (Høgre) og Terje Breivik (Venstre), alle finanspolitiske talspersonar i sine parti. Her kjem dei ut frå det fyrste forhandlingsmøtet 2. november.Foto: Vidar Ruud, NTB Scanpix

DRAMA: Forhandlingane om statsbudsjettet er allereie på overtid, men står likevel bom fast. Sentrale kjelder seier det er vanskeleg å sjå kva kompromiss som skal gje kraftige klimagasskutt i 2017.

Ei rekkje sentrale kjelder i dei fire samarbeidspartia stadfestar det same: Det er svært vanskeleg å sjå kva løysing som skal gje Noreg eit statsbudsjett for 2017.