Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Taxfree

  • Eg seier det som det er: Eg elskar taxfree. Eg elskar at alt som er syndig plutseleg er nesten gratis. Plutseleg står du der, i ein statleg oppretta butikk, og kan fråtse i sjokolade, sprit, tobakk og alt anna Bent Høie vil åtvare mot og Kjersti Toppe vil forby. Eg elskar den liksom-luksuriøse innreiinga i taxfree-butikken på Gardermoen. Den splitter nye avdelinga ser ut som noko midt mellom ein verdsutstillingspaviljong på lågbudsjett og eit høgfjellshotell der arkitekten gjekk amok med skifer. Og eg elskar alle desse behova vi ikkje visste at vi hadde, men som vi plutseleg kan få tilfredsstilt. Som Travel Retail Norge skriv på sine heimesider: «Dette er Europas største Tax-Free butikk og er på hele 4.000 kvadratmeter. Vinsortimentet er på totalt 600 typer. Butikken har egen «herreavdeling» med lukter for menn og en egen liten negl-bar, der passasjeren kan få testet ulik negl-lakk.» Neglbar! Kva gjev du meg!