Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Essay

Snev av sanning

Forteljing: Når ein veks opp i den amerikanske Vesten, arvar ein eit sett mytar om sigeren over fortida.

Det forjetta land: Albert Bierstadt sine landskapsmåleri frå siste halvdel av 1800-talet arbeider hardt for å selje inn den barske amerikanske naturen og var med på å oppretthalde mytane om det gudegitte landet og dei ville indianarane. Illustrasjon: Albert Bierstadt, «The Last of the Buffalo» (1888)

Når ein veks opp i den amerikanske Vesten, arvar ein eit sett mytar som er så vesentlege og samstundes veike og vage at ein berre kan kviskre om dei i mørket. Ein kan snappe dei opp i små gestar og overhøyrde lydar, i halvgløymde plott frå dårlege filmar. Eller i posituren til innsmigrande reklamemenn, og i beinplasseringa til menn med skytevåpen. Ein skulle tru det var mogleg å smyge seg unna denne arven, før ein innser at den omringar oss på alle kantar, og at å leve i Vesten inneber, kontinuerleg og umedvite, å setje saman ei forteljing i hovudet sitt – som ein melodi ein berre har høyrt i brotstykke. Slik byrjar mytane i Vesten – i alle fall for dei som bur der – å kjennest like uunngåelege som skyene på himmelen eller varmen om sommaren, for ikkje å seie vassmangelen. Om nokon hadde skrive dei ned, ville ingen ha trudd på dei. For det å setje mytane våre under debatt, ville ha knust den projiserte nostalgien som dei byggjer på. Difor snakkar vi altså ikkje om dei, men speler dei ut og lèt dei spele seg ut iblant oss.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen