Tal tel
- I valkampen intervjua eg Oslo Frps fyrstekandidat Carl I. Hagen om kor vidt Oslo kommune burde selje fleire barnehagar til private eller ikkje. Hagen ville heller snakke om det han meinte var den viktigaste saka i valkampen: «Vi vil skape forståing for at vi må stoppe monsterveksten i innvandringa. Innvandrarbefolkninga betaler mindre skatt og har høgare sosiale utgifter.» Også tidlegare i valkampen hadde han vore innom det same i eit intervju: «Statistisk sentralbyrå seier at Oslo skal vekse med over 170.000 innbyggjarar mot 2030. 120.000 av desse vil kome frå Afrika og Asia, 35.000 vil kome frå Aust-Europa og 10.000 vil kome frå Vest-Europa. Berre 10.000 er folkevekst», sa Hagen då. I fjor vår intervjua eg Per Sandberg i etterkant av terroråtaka i København. Frp-nestleiaren gjekk svært hardt ut mot det fleirkulturelle samfunnet, og sa mellom anna at «Framelskinga av det multikulturelle samfunnet har slått feil. Dei andre partia vil vidareføre gårsdagens politikk, med dei resultata det medfører. Deira fargerike fellesskap og multikulturelle forsøk har spelt fallitt.» Desse kommentarane er interessante, for berre på eit år har denne måten å snakke på nesten forsvunne frå Frps retorikk. I staden snakkar ein om berekraft i velferdsstaten og andre økonomiske argument. Er det bra eller dårleg? Sanneleg om eg veit. Det er jo bra om folk er mindre stressa for om det er så eller så mange med afrikansk bakgrunn i Oslo. Men det er ikkje så bra om økonomismen tek overhand heller, og vi alle berre blir plussar eller (som regel) minus i eit reknestykke. Maria Berg Reinertsen peikar på noko av det same i sist vekes Morgenbladet: «Valget mellom å tenke med hjertet og lommeboken er falskt: Det er ikke sånn at regnearket er det eneste som står mellom oss og et følelsekaos av snørr og tårer og røde tal.» Det synst eg var lurt sagt.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn