(L)OL 2
- Ja, så var vi der igjen: Ein ny OL-debatt er på veg inn over landet. Winter-OL is coming. At diskusjonen om eit norsk Vinter-OL i 2006, 2010, 2014, 2018 og 2022 kræsjlanda, ser ikkje ut til å stoppe idrettstoppane: No skal vi ha Lillehammer-OL i 2026. Gerhard Heiberg har som vanleg svak forståing av kor folket står. Han uttaler derfor til NRK at «Lillehammer står fram som den store stjernen i olympisk sammenheng. Den eneste byen i Norge som har en sjanse nå, er Lillehammer». Heller ikkje idrettspresident Tom Tvedt vil avvise tanken, sjølv om han i det minste vil vente til Ungdoms-OL på Lillehammer er ferdig før han vil arrangere eit nytt Vaksen-OL i Samaranch-bygda. Kulturministeren heiar òg på ein OL-søknad. Tanken får sjølvsagt støtte frå Lillehammer-ordførar Espen Johnsen (Ap), medan dei i Tromsø framleis er sure for at det ikkje var interesse for å spandere nokre titals milliardar på eit OL i nord: «For oss er det et ‘sørafor-OL’ etter gammel lest uansett», seier eks-Tromsø-ordførar Arild Hausberg til NRK om ein mogleg Lillehammer-søknad. Ok.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn