Du kan bla til neste sideBla med piltastene

TTIP? Tisa?

  • Den norske ja-sida, dersom ho framleis eksisterer, må rett og slett skjerpe seg. Norske borgarar fortener ein meir opplyst Europa-debatt, og det kan ikkje vere neisida som tek heile jobben åleine. I fjor blei det skrive 898 artiklar om TTIP-avtalen, ifølgje medieovervakingstenesta Retriever. 169 stod i Nationen og 100 i Klassekampen. Trass i at TTIP kan bli verdas største handelsavtale, meinte VG at det heldt med 12 artiklar om saka i fjor. Ingen av desse er vanlege nyhendeartiklar om kva TTIP faktisk er. Utanom eit par lesarbrev har VG berre produsert leiarar og kommentarartiklar (gjerne med namn som «Nei-sidens kamp mot virkeligheten»). Det same biletet får vi om vi ser på Tisa-avtalen: I fjor kom det 810 artiklar om saka, og Nationen og Klassekampen stod for nesten to hundre av dei. VG skreiv null. E24.no har rett nok eit par saker, men for dei hundretusenvis av papiravislesarane er det ikkje mogleg å lære om denne enorme avtalen.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?