Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Mastodont: Helge Torvund skriv seg inn i dei folkekjære poetane sine rekker.

Store, små liner

Kvardagsleg: Helge Torvund skriv i eit formspråk som aldri blir framandt. Foto: Morten Brun

Helge Torvund

Alt brenner

Dikt

Aschehoug 2016, 238 sider

At det finst eit stort publikum for lyrikk i Noreg, er sikkert og visst. Ei bok med dikt kan godt selja mykje, viss ho berre treffer folk heime. Og det gjer dikt tydelegvis viss dei presenterer seg på ein ikkje altfor kunstlete måte, og lar det skina igjennom at forfattaren har levd lenge og gjort seg vis på livet, slik tilfellet er i Rolf Jacobsen, Olav H. Hauge og Kolbein Falkeid sin poesi. Etter snautt 30 diktsamlingar tok også Helge Torvund, med samlinga «Alabama», steget over i dei folkekjære poetane sine rekker.