Nabokjerringa
Mangfaldig: Eit rikt portrett av vanlege, middelaldrande Olive Kitteridge.
Elisabeth Strout
Olive Kitteridge
Noveller
Omsett av Hilde Rød-Larsen
Forlaget Press 2015, 290 sider
«Jeg skjønner ikke at han holder henne ut» seier ein av bipersonane i «Olive Kitteridge» av Elizabeth Strout, som no kjem på norsk. Slik tenkjer dei som berre overflatisk kjenner denne sta og utilnærmelege matematikklæraren med dei ufikse kleda. Ho er ikkje lett å ha med å gjera for mannen og sonen heller; ho bed aldri om orsaking og innrømmer ikkje feil. Men Strout teiknar eit mangfaldig bilete av henne, og til og med hos den kalde og saklege bokmeldaren veks sympatien og kjærleiken for henne medan han les.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn