Du kan bla til neste sideBla med piltastene

UTANLANDS: Det tyske tidsskriftet BELLA triste, som har som mål å portrettere den ville og vakre samtidslitteraturen, er ute med sitt 42. nummer.

BELLA triste er eit tidsskrift for tyskspråkleg samtidslitteratur som sidan 2003 tre gonger i året har presentert prosa, lyrikk, dramatikk, essay og intervju. Mange av skribentane er studentar, gjerne frå skriveskular, noko tekstane ber preg av – utan at det blir oppskriftsmessig av den grunn. Utvalet er variert og spenstig, og innhaldet ber preg av høg litterær kvalitet. Redaksjonen set seg føre å spore aktuelle tendensar med ei eiga stemme i den fleirstemte litteraturen, og det synest eg dei får til – særleg med sin personlege leiar om avskjed og nybyrjing i siste nummer. Det finst ikkje noko vakrare og villare enn samtidslitteraturen, skriv dei på nettsidene sine. Akkurat det veit eg ikkje, men tidsskriftet gir eit godt innblikk i det som rører seg i det unge litteraturtyskland (dei kunne nok vore flinkare til å få med skribentar frå dei andre landa). I nummer 42, det nyaste, vil eg trekkje fram den illustrerte teksten «Fischbanen» av Sandra Burkhardt som særleg vakker (og vill – i den forstand, om ikkje anna, at den handlar om naturen), og her har eg endåtil omsett ein liten snutt om havskilpadda: «Eg vart fødd med bein på hovudet / som betyr at eg slit med å gå i bakkar fordi / eg mistar balansen og veltar over på ryggen.»