Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Tekster er ikkje berre lydar, ord og setningar. Dei må óg henge i hop.

Samanhengen

HELD HUSET OPPE: Bindingsverket.

I 1983 gav Universitetsforlaget ut ei bok med tittelen «Bindingsverket i tekster». Ei flott bok, skriven av ein flott forskar, Bernt Fossestøl. Boka markerte at ein ny epoke var i kjømda – ein epoke der ein tok til å studera systematisk korleis tekster heng i hop, korleis dei er bygde opp. Fossestøl nytta det talande bildet «bindingsverket» – for som me veit, er det dei stolpane i eit hus som held huset oppe. Tradisjonelt hadde språkfolk forska på lydar, ord, setningar. Og det var alt.