I utkanten av litteraturen
Montaigne som forbilde: Den essayistiske impulsen lever vidare på nettet.
Michel de Montaigne var den første som kalla det han skreiv essay, då han gav ut første volum av arbeida sine i 1580. Men han skulle snart få ein etterfølgjar: Allereie nokre år seinare kalla også engelske Francis Bacon det han skreiv for essay. Oppfinninga vart utvikla i aviser og tidsskrifter i England på 1700-talet, og spreidde seg over heile verda på 1800-talet og vidare inn i vår tid, i Skandinavia særleg på 1900-talet. Essayet var på dette tidspunktet skrive med forgreiningar frå eit utgangspunkt, og i dag kan som kjend alt frå skulestilar til avhandlingar kallast essay. Samstundes er essayet framleis vanskeleg å plassere i bibliotekhyllene: Det er verken skjønnlitteratur eller sakprosa, men litt begge delar. Essayet egnar seg til høgstemde hyllingar og blir praktisert av mange, men får til dømes ikkje plass i kategoriane til Brageprisen.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent