FELLES FRONT: Ei lang rekkje fylkeslag går no saman for å liberalisere Arbeidarpartiets asylpolitikk. – Vi må mjuke opp reglane, seier fylkesordførarkandidat Tonje Brenna frå Akershus.
Frå heile landet strøymer det no inn krav om ein meir liberal asylpolitikk på Ap-landsmøtet. Fleire kjelder stadfestar overfor Klassekampen at opprøret er i ferd med å få ei meir organisert form etter at fylkesordførar Tore O. Sandvik i Sør-Trøndelag før helga gjekk ut og bad landsmøtet revidere partiets politikk på feltet.