- Sorry, men eg er redd du må presse deg gjennom nok ei spalte om nedlegginga av Tronsmo. For Oslos beste og viktigaste bokhandel skal leggjast ned. Sjølvsagt skal han det. Vi som bur i denne byen, veit utmerkt godt korleis dette arbeidet skal skje. «Nei!», skal vi rope i kor, «no forsvinn siste rest av sjela denne byen ein gong hadde!». Kanskje auser vi oss opp og seier ting som «skal alltid kapitalen vinne over fornufta», sjølv om vi veit svaret allereie. Vi lever jo i kapitalismen, trass alt. Så kjem gravemaskinene: Dei opnar dei digre kjeftane sine og et opp alt saman. Vi hugsar kor sinte vi blei då den gamle Holmenkollbakken skulle plukkast ned. I staden fekk vi eit betonguhyre forma som ei kvinne i fødselsrier. Vi har enno ikkje tilgjeve oss sjølve at vi lét Det engelske kvartal deise i bakken for Indeks-bygningens skuld. Og snart skal Y-blokka i regjeringskvartalet knele. Kvifor skulle ein liksom ta vare på ein Picasso- og Nesjar-pryda bygning som ikkje har sitt like i Noreg?
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Konsulentselskapet McKinsey foreslår å kutte 1500 årsverk i Forsvarets støttefunksjoner:
Freder ingen stillinger
Forsvaret
KUTT: McKinsey mener Forsvaret kan spare mellom 3,6 og 4,5 milliarder kroner i året. Prisen for innsparingen er sluttpakker for nesten fem milliarder kroner.
Tre forsvarsmuseer, to militære musikkorps, 4,1 millioner kvadratmeter eiendom og 1500 årsverk ligger i potten etter at konsulentselskapet McKinsey har lagt fram sine forslag til effektivisering av Forsvaret.