Først fotograferte Anders Beer Wilse den nye kraftindustrien. Så valfarta kongen, politikarane og borgarskapen for å sjå Hydro-anlegga, eit symbol på den moderne nasjonalstaten.
– Anders Beer Wilse opna fotoatelier i Kristiania i 1901 og kom så å seia til å fotografera den framtidsoptimistiske tidsånda i den nye staten etter 1905. Her var også fotografia av kraftstasjonar, elektrisitetsverk og temte fossar viktige. Kva er vel eit meir karakteristisk symbol på det unge, moderne Noreg, enn fossekrafta?