Ikkje berre private galleri har overvekt av kunst lagd av menn. Det gjeld òg offentlege institusjonar. Noko må gjerast, meiner Karin Hindsbo, direktør for KODE i Bergen.
– Musea har eit stort ansvar. At kunstnarane vert innkjøpte og viste fram hos oss, gir dei vidare ein verdi på den private marknaden, seier direktør ved Kunstmuseene i Bergen Kode, Karin Hindsbo.