Den 16. april hadde den nøkterne og på alle måtar oppegåande Guardian-journalisten Martin Kettle ein kommentar om den skotske sjølvstendeavrøystinga i september der han vurderte sjansane for valdsbruk etter eit eventuelt ja. Dette var ein kritikk av det han kalla «the conspiracy of decorum» eller «sømdkonspirasjonen» omkring avrøystinga. Ideen er at både ja- og nei-sida av ulike grunnar har interesse av å låst som om eit ja vil bli uproblematisk og forhandlingane enkle. Ja-sida vil snakke ned problema, nei-sida veit at fokusering på dei lett kan leggjast ut som eit trugsmål, og trugsmål styrkjer alltid ja-sida.
Om Skottland bryt ut, kan Storbritannia bli det nye Jugoslavia.