Lofoten revisited
I timar på strendene har eg følgt fyket i sirklar, i ovalar, rolig.

Eg sit på ørnehus. Ligg på magen under ei helle i steinura flekt med snøskavlar. Eg kom opp myrene, inn på fjellet, godt kledd. Pels og boa over strasskjolen med lang splitt. Ute lenge før ramnane. Mensblod på snøen. Så saueinnvollane, åte festa til eit tau i handa på innsida av torvstykket føre åpninga. Eg kortar ventetida i fangsthuset med sigarillo i munnstykket. Eit svakt blaff frå lightaren gnistrar liv i perlene rundt handleddet, rubinen i ringen, lakka negler. Eg ligg på kne, med stiletthælane trekt under meg. Skuldrene berører såvidt kneskålene, brysta kviler på låra. Alle sansar er strekte ut mot fjellet, ut mot havet. Små trekkar smyg over halsen, ned skulderhuden. Novemberlyset blir kasta omkring ute. Restpust frå havet langt nede. Eg er ikkje einaste fangaren denne natta. Eg har mine metodar, men veit ikkje kva dei fører meg til. I natt er første gong i denne kjolen, denne fargen.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn