- Rett etter valet rykte PR-byrået Geelmuyden Kiese inn annonsar med eit bilde av Stortinget opp/ned: «Til deg som har fått hverdagen snudd på hodet: Rett over gaten søkes det etter tidligere statsråder, statssekretærer og stortingsrepresentanter.» Dei seinare åra har stadig fleire politikarar latt seg freiste av dei svimlande honorara i PR-bransjen, mens byråa har lokka kundar med at dei har rådgivarar med tett kontakt med politikarane som tar avgjerdene. Etter regjeringsskiftet har det også gått ein strøm av politikarar frå PR-bransjen tilbake til politikken, med Sylvi Listhaug og statssekretær Julie Brodtkorb i spissen.
Lex Listhaug
Leder