Schengen
* Schengen-samarbeidet skulle verkeleggjera draumen om eit grenselaust Europa. Ikkje berre varer og tenester, men også personar, skulle kunne flyte fritt over grensene mellom EU-landa. Med Amsterdam-traktaten vart politi- og justissamarbeidet formelt ein del av EU, dei fleste EU-landa er med, og Norge er knytt til samarbeidet gjennom Schengen-avtalen. Etter kvart som Schengen-samarbeidet har vorte gjennomført i stadig nye EU-land, har det vorte tydelegare at det grenselause samarbeidet skaper stadig større problem. Nett no har straumen av flyktningar frå Nord-Afrika skapt strid mellom Frankrike og Italia, og utløyst krav om endringar i Schengen-avtalen. Samtidig rykker dei nordiske politiforbunda ut med ein felles kritikk av Schengen-systemet, og krev at grensene mellom Norden og dei baltiske landa blir stengte. Europa har vorte grenselaust for dei kriminelle.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn