PRESS: Statoil skal få lov til å ta kraft frå det pressa Bergensområdet til sine anlegg på Troll-feltet. Dimed tek NVE for gjeve at det vert «monstermaster» i Hardanger.
I går sende Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) si innstilling til energiminister Terje Riis-Johansen (Sp): Han bør gje Statoil lov til å leggje nye kablar frå Kollsnes til installasjonane på Troll-feltet.