Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Arbeidsrett

Dagens leder

* Anten jobben er å selja øl på ein konsertstad i Oslo eller å produsera og selja arbeidsklede og verneutstyr på Gjøvik, har arbeidstakarane same rett til å organisera seg og krevja ein tariffavtale. Dei respektive arbeidsgivarane - Auditorium AS, som driv konsertstadene Rockefeller og John Dee i Oslo, og Bekken & Strøm AS på Gjøvik, ein storleverandør av arbeidsklede og verneutstyr - har det til felles at dei avviser kravet om tariffavtale. Og begge held seg med advokatar som prøver å bruka jussen så langt det går for å hindra at det blir nokon tariffavtale.