Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Renovasjon

Dagens leder

* VG slo onsdag opp på forsida at «Turist-Oslo» er ein skam. Det siste dømet i denne medieføljetongen var at svenske turistar vart sjokkerte over at ein sivilkledd politimann la ein kvinneleg narkolangar i jern på Jernbanetorget. Dei to svenskane seier at politikarane skulle skamme seg, «for sånn skal det ikke være i Norges hovedstad». Til vanleg går klagesongen ut på at politiet gjer for lite mot kriminalitet og narkohandel i gatene. Så snart politiet faktisk fjernar ein narkolangar frå marknadsplassen Jernbanetorget, er det også ein skam.