Dagens leder
* «Samfunnsansvar» har vorte den store festtaleklisjeen i næringslivet. På engelsk lyder det endå finare: Corporate Social Responsibility (CSR). Større konsern har eigne avdelingar som skal pynte verksemda med CSR, ikkje minst når verksemda gjer aksjonærane feite ved å etablere seg i fattige, korrupte land med nesten gratis arbeidskraft og minimale krav til tryggingstiltak og arbeidarvern. Spesielt viktig blir det å polere fasaden når verksemdene har staten som viktigaste eigar.