Frykta for det populære

Johnny Cash, Neil Young og Bob Dylan hevdar at Ian Tysons song «Four Strong Winds» er ein av dei finaste songane som er skrivne i deira levetid. Likevel var det berre så vidt den populære norske rockegruppa The Vanguards i 1966 lét seg overtale av platedirektør Arne Bendiksen til å gjere ein norsk versjon av songen. Avgjerda skapte store rivningar i gruppa, gitarist Terje Rypdal trekte seg i protest. Og sjølv om singelen rett nok selde godt, miste The Vanguards heretter all kredibilitet hos kritikarane. Kvifor gjekk det slik? Kvifor skulle ein song som mange meiner er ein klassikar i vår tid, få ein slik lagnad i Noreg? Og kva kan vi lære av det? Dette er mellom spørsmåla forfattaren Kjartan Fløgstad diskuterer i eit essay i det siste nummeret av tidsskriftet Agora: – Utgangspunktet for essayet er ein liten artikkel som Geir Rakvaag hadde i Dagsavisen i fjor som eit apropos til at denne songen kom med på den aller siste plata til Johnny Cash, og at Neil Young avsluttar konsertfilmen «Heart of Gold» med å synge songen. Rakvaag reflekterer deretter over kvifor denne songen som desse store artistane ser på som ein av dei finaste i si samtid, blei så hata på norsk i The Vanguards' innspeling, fortel Fløgstad, som no har skrive eit heilt essay om det same spørsmålet. – Etter måten blei songen ein stor hit, han hadde stort sal og framgang på den måten, men han førte samstundes til at The Vanguards blei støytte ut i det ytste mørkret av det meiningsberande sjiktet rundt den typen moderne musikk.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen