Stinkande
* Selskapet Vest Tank hadde frist til i går med å leggje fram dokumentasjon for Statens forureiningstilsyn (SFT) om kva slags materiale som var lagra i tankanlegget som eksploderte i Gulen kommune 24. mai. Giftstoffet som eksploderte, kom etter alt å dømme frå tankskipet «Probu Emu», som høyrer til det internasjonale avfallsselskapet Trafigura. SFT varslar offentleg informasjon om giftstoffet i løpet av dagen. Det er, for å seie det forsiktig, ikkje ein dag for tidleg. Eksplosjonen, forpestinga av lufta nær tankanlegget, helseplagene for lokalbefolkninga, bedriftas atferd og handteringa frå styresmaktene gjer at dette er ei sak som stinkar i meir enn ein forstand.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn