Kvifor streik?
* Kva masar dei om, tener dei ikkje betre enn det store fleirtalet? Slike reaksjonar må legane vera budde på når dei går til streik. Men så viser det seg at det er ikkje først og fremst pengar det handlar om. Legane stiller dei same krava som andre fagorganiserte. Dei vil ikkje at lønnspolitikken og arbeidsvilkåra skal avgjerast på kvart einskild sjukehus eller i kvart einskild helseføretak. Direktør Anne-Kari Bratten i arbeidsgivarorganisasjonen Navo tillet seg å harselera over legane sin protest mot desentralisert lønnsdanning. Akademikerne i staten streika på det same grunnlaget i 2006, og no er det altså Akademikerne i Navo, det vil seia sjukehusa. Direktøren forstår at det kan finnast rasjonelle grunnar for sentrale oppgjer for assistentlegar og turnuslegar. Men å forstå at også overlegar, psykologar og andre høgtlønte med «særdeles gode individuelle forhandlingskort» kan stilla seg bak eit sånt krav, det blir for vanskeleg for henne.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn