Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Pingle?

* Det er irriterande, sa SVs miljøvernminister Helen Bjørnøy i ein radiodebatt då Bellona og Natur og Ungdom kalla ho ein miljøpingle etter ei veke i ny jobb. Ho var nok ikkje vant til å bli snakka slik til som generalsekretær i Kirkens Bymisjon. Grunnen til ordbruken var at Miljøverndepartementet avviste ein klage frå miljøorganisasjonane mot utslippsløyve gitt av Statens forureiningstilsyn (SFT), etter søknad frå det italienske selskapet Eni om leiteboring på Goliat-feltet i Barentshavet. Bellona og Natur og Ungdom seier seg «svært skuffa» over at SV let oljeselskapa bestemme tempoet i nordområda, og meiner SV framover har mykje å bevise i oljesaka.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?