EU-saka er ikkje så uaktuell som dei seier. Høgre tek saka opp i komande stortingsperiode. Den norske Grunnlova hindrar EU-medlemskap, når EU no er blitt union med eigen her, domstol, rettssystem og statsborgarskap. Høgre har laga om den norske Grunnlova så ho skal underordnast EU-lovene, trass i at borgarane i sentrale EU-land stemmer ned ei udemokratisk unionsgrunnlov. Det Høgre gjer er grovt, men korrekt. Partiet fylgjer reglane i Grunnlova, avviklar demokratiet på ytre sett formelt, demokratisk vis. Partiet legg ikkje opp til grunnlovsbrot og statskupp, men kjem i staden med eit drastisk, men ærleg framlegg om grunnlovsendring. Framlegget kjem opp i Stortinget i den komande fireårsperioden. Høgre fortener for så vidt takk.