Noreg er nok eit av dei fremste landa i verda når det kjem til god vilje. Men eit Holocaust-senter har vi vanta. At vi no har fått eit slikt senter, bør difor ikkje forundre nokon. Om det er noko i den samanhengen som vekker undring, er det vel heller det faktum at vi ikkje har fått det før. At holocaustindustrien brer om seg over heile den vestlege verda, er også meir enn forståeleg: Seks millionar jødar vart drepne i Hitlers dødsleirar, med mogleg unntak for Danmark fann den tyske okkupasjonsmakta villige medløparar i alle dei besette landa. I Noreg stilte store delar av Oslopolitiet opp då dei om lag 2000 arresterte norske jødane skulle sendast ut av landet for å møte lagnaden i gassomnane. Sett i slikt lys, er det heller ikkje underleg at den norske politiske eliten møtte mannsterkt opp i går i høve overrekkinga av Villa Grande til Senter for studiar av Holocaust og livssynsminoriteters stilling i Norge (HL-senteret) og leiaren Odd-Bjørn Fure. At Carl I. Hagen og Kristin Halvorsen ikkje stod på talarlista handlar nok mest om at desse to enno ikkje har hatt regjeringsmakt. Det er no helst slik at det er dei som utøvar makta som kan sole seg i glansen av det gode. 60 millionar har oppussinga kosta, drifta vert finansiert gjennom avkastninga av eit fond som no er om lag 40 millionar. I tillegg kjem dei årlege løyvingane. I fjor fekk HL-senteret 13 millionar kroner over statsbudsjettet. Det skal vere 25 tilsette ved senteret, om lag ti av desse er vitskapleg tilsette, i tillegg kjem fire til fem doktorandar. Storleiken vert om lag som eit historisk institutt på universitetsnivå. Arbeidsplassane ved HL-senteret er elles truleg dei tryggaste i Noreg, ingen stats- eller utdanningsminister vil våge å skjere i løyvingane til eit folkemordsenter. Sett vekk frå at det frå politisk hald er eit reint vinnarprosjekt å gå inn for eit Holocaust-senter, kva er den rasjonelle grunngjevinga for at den vestlege verda skal få endå eit slikt senter? Det er ikkje fordi det i internasjonal samanheng vert forska lite på folkemord og holocaust. Fure seier det slik i eit innlegg i Forskerforum (6-2003): «I det siste tiåret har det skjedd en eksplosjon, både i kvantitativ og kvalitativ henseende, i den internasjonale forsking om folkemordet på de europeiske jødar, massedrapene på sovjetiske krigsfangar, den slaviske sivilbefolkning i Øst-Europa, sigøynarene, homoseksuelle og politiske motstandere av det nazistiske regimet». I den same perioden har det ikkje vore skrive nokon større norsk monografi over det norske holocaust. Og det er i dette siste grunngjevinga for eit norsk forskingsbasert holocaust-senter ligg, norske historikarar har i altfor sterk grad neglisjert den norske deltakinga i det tyske folkemordet. Men treng vi eit norsk folkemordsenter med permanente millionløyvingar for å dokumentere drapet på 2000 menneske? Sjølvsagt bør norske forskarar ha kompetanse på feltet både nasjonalt og internasjonalt. Men den normale måten å kompensere for manglande forsking, er å opprette eit forskingsprogram. Forskingrådet kunne til dømes ha fått løyvt 25 millionar kroner til eit Holocaust-program. Ei slik satsing ville ha produsert eit stort tal doktorandar på feltet, som seinare kunne ha gått inn i stillingar i norsk akademia. Der kunne dei ha brukt den frie forskingsretten til å forske på det dei sjølve hadde funne interessant. No vil løyvingane verte pumpa inn i eit Holocaust-senter der forskarane er avhengig av Odd-Bjørn Fure og hans etterkomarars gode vilje. At det berre er Hans Fredrik Dahl av norske historikarar som har protestert mot den enorme satsinga på eit i utgangspunktet avgrensa felt, vitnar om kor skuggeredde det norske historikarlauget er vorte. Men kven har lyst å argumentere mot ein som kan titulere seg som leiar for eit Holocaust-senter?