Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Pseudomaskulinitet 2

Signert-artikkelen min den 12. august handla om to ulike slags menn: dei som konsentrerer seg om heimen, og dei som dyttar ungane sine over på andre. Likevel oppfattar Martin Knutsen det som eit angrep på mennene under eitt. Grunnen er nok at han les det som eit feministisk utspel der kvinnene representerer ein interessefellesskap og mennene ein annan. Men sjølv om eg har respekt for dei mange kloke og dyktige feministane som er på banen nå om dagen, er det ikkje min måte å tenka på. Til gjengjeld har eg god tru på menneska i det store og heile, både som åndsvesen og pattedyr. Frå mi side ligg det derfor ikkje noko nedsettande i å påpeika at biologisk sett er mennene konkurrentar. Det som er viktig i denne samanhengen, er kor vidt ideane om maskulinitet stemmer med den atferda som skaper mest overlevingsdyktig avkom. Ikkje fordi barneavl er det einaste som gir livet meining, men fordi det er det som er grunnen til at me har to kjønn. Den biologiske konkurransen inneber at ein mann har langt meir å vinna gjennom eit godt forhold til mor til barna sine enn ved å stå saman med dei andre mennene i samla blokk. Det er dei mennene som handlar ut frå dette, som lykkast best som fedrar. Men dei er ofte i ei vanskeleg dobbeltstilling mellom sitt eige ønske om å dyrka familien og det mannssjåvinistiske direktivet om vald og dominans. Grunnen til at ein høyrer så lite frå dei, er at dei blir overdøyvde av dei som snakkar og handlar som om dei trur at barneavlen er unnagjort når sæden er avlevert.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen