Å KUNNE KODANE
«En Gorilla søker hjem»Jo StrømgrenRegi, scenografi, kostyme: Jo StrømgrenSkodespelerar: Marte Stolp og Ola G. FurusethLivet er ikkje lett, og definitivt ikkje kjærleiken. Desse evige spørsmåla har vore tema for både litteraturen og scenekunsten i alle år. Men i eit samfunn der ikkje noko lenger er privat, der avisene held seg med sexologar og samlivsspalter, skulle ein tru at inflasjonen og trivialiseringa av dei grunnleggande og eksistensielle forholda hadde gjort at kjenslelivet blei eit vekebladproblem på line med slanking. Med andre ord ein lang gjesp. Men så kjem denne sceniske multikunstnaren Jo Strømgren og ikkje berre meiner noko om saka, men gjer det annleis, intelligent og med masse humor. Studioscena på Trøndelag teater hadde torsdag urpremiere på framsyninga «En gorilla søker hjem». I eit husvere prega av oppbrot møter vi han og henne. Dei er gamle kjærestar, truleg på veg frå kvarandre, men likevel med eit ønske om å finne attende til noko som har vore. I eit rollespel der dei vekslar på å ha regi, og der manus blir til etter kvart, freistar dei, og kanskje særleg ho, å mane fram gamle kjensler. Det startar med ein maskerade der demaskeringa kjem alt i opninga, men held fram på andre nivå gjennom heile framsyninga. Det er uklårt både for publikum og aktørar kva som er spel og kva som er røyndom, og kjenslene vekslar i valdsame sprang. Det er heftig, til tider dampande, litt valdeleg, temmeleg meta og særs humoristisk. Strømgren har som skarp observatør fått med seg dei to totalt ulike universa som heiter han og henne. Ordtilfanget er det same, men semantikken er heilt forskjellig. Kan du ikkje kodane, er du fortapt. Det er glitrande presentert, og eg vil sjå den som ikkje kjenner seg att.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn